Lag ein sang

Kva treng du for å lage ein sang?

Alt du treng er ein IDÉ...

 

Det er spennande å lage ein ny sang, og ein sang kan bli til på mange forskjellige måtar.

 

Nokre gonger startar det med melodien, mens andre gonger vert teksten laga først. Og nokon gonger vert tekst og melodi laga samtidig.

 

Øving...

Når du skal lage ein melodi, kan du gjerne bruke stemma di som instrument...

 

Prøv å synge den nye melodien, og gjenta denne fleire gonger - sidan det ofte kan vere vanskeleg å hugse ein melodi som er heilt ny.

 

Tips: Bruk gjerne ein opptakar, td. ein mobiltelefon med lydopptak for å spele inn den nye melodien med ein gong. På denne måten får du hjelp til å hugse melodien, og du kan evt. bearbeide denne seinare.

 

Dersom du spelar eit instrument, kan dette vere til god hjelp når du skal lage ein ny melodi. Prøv gjerne pianoet på denne sida...

 

Her finn du òg eit keyboard med fleire lydar, trommer og akkordar...

 

Verktøy:

Med Audacity kan du spele inn og redigere lydopptak på di eiga datamaskin.

 

Programmet er gratis og lett å ta i bruk. Kople gjerne ein mikrofon til datamaskina før opptak for best mogleg lydkvalitet. Programmet kan nytte WAV, AIFF, MP3 og OGG filer. Last ned programmet her...

TONO forvaltar rettane for musikkverk i Norge på vegne av komponistar, tekst-forfattarar og musikkforlag.

 

Les meir på TONO sine medlemssider...

 

Copyright © All Rights Reserved